Home » INTERNASJONAL JULEFEST

INTERNASJONAL JULEFEST

INTERNASJONAL JULEFEST

Det vart dessverre ikkje nokon internasjonal julefest i år heller på grunn av smittesituasjonen, men vi gir ikkje oss av den grunn. Første laurdag i mars går vi for å ha ein internasjonal fest i Herøy kyrkje i eit samarbeid mellom den norske kyrkja i Herøy, Herøy sokneråd, frivillighetssentralen og kvalifiseringssenteret. Det blir som før med eit variert program med innslag frå ulike kulturar, både verbale og musikalske. Etterpå blir det langbord med mat frå ulike land. Vi kryssar fingre for at det denne gong skal være mogleg å gjennomføre.