Archive for December, 2014

Alpha-kurs; også i Herøy kyrkje!!

Nesten parallelt med Frikyrkja har vi i Den Norske Kyrkja i Herøy også planlagt Alpha-kurs over nyttår. Vi startar opp ei veke før, 13.januar, og har valt tysdagar for våre samlingar. Så denne vinteren kan du velje eit Alpha-kurs den dagen som passar best for deg! Alpha-kurs er for deg som ynskjer å utforske den kristne trua, som er ny
Read more…

Førjulskonsertar

På søndag 14.12 er den årlege førjulskonsert i Herøykyrkjene. Lokale kor og korps deltek med song og spel samt lokal ungdom deltek med soloinnslag. Konserten i Herøy kyrkje startar kl 1600 og konserten i Indre er kl 1800. Gratis inngong og kollekt ved utgong til Frelsesarmeen og Kirkens Bymisjon. Velkomne!

Snart Lys Vaken i Leikanger kyrkje

Laurdag ettermiddag brakar det laus med ”LysVaken” i Leikanger kyrkje. Det er 5. klassingar frå Indre Herøy og Leikanger sokn som skal på overnatting i kyrkja. Laurdag skal dei leike, forberede gudsteneste, ete pizza og sjå film, før vi finn liggeunderlaget og soveposen sånn utpå kvelden. Søndag tek vi med oss tinga våre ned på kyrkjelydshuset og et frukost der,
Read more…

Julekonsert Marianne Juvik Sæbø & Kor Kjekt

Julekonsert med Marianne Juvik Sæbø & Kor Kjekt! Fredag 5. Desember i Herøy Kyrkje kl 19.00 Bill /v døren. Voksne kr. 200,- Barn kr. 100,- Innsamling til misjonutengrensers julepakke-aksjon