Nytt frå Herøy-sokna. Ingress: Vi er inne i fastetida, etter fastelavenssøndag, blåmandag, feitetysdag og askeonsdag. Fastetida minner oss særleg om å tenke over ein gong til korleis vi lever og samtidig førebu oss til påskeferinga. Felles fastegudsteneste 26.februar og jubileumsskriftVi ynskjer velkomen til felles fastegudsteneste i Leikanger kyrkje på føremiddagen. Det vert gode salmer og songar, dåp, preike og forbøn.
Read more…
ASKEONSDAGSGUDSTENESTE! Velkomen til å gå inn i fastetida i Indre Herøy kyrkje fk onsdag 22. februar KL 19.00! Onsdag feirer vi askeonsdagsgudsteneste i kyrkja. Vi vil be og synge saman, feire nattverd og teikne askekors i panna som ein påminnning om kor sårbart livet er. Det å teikne askekors i panna er ein gamal og meiningsfull tradisjon: Vi kan nemne
Read more…
Søndag 19.februar er fastelavenssøndag, og då har vi to gudstenester i kyrkjene våre.Fastelavn kommer av det nedertyske ordet «fastelabend» som tyder «kvelden før faste» på norsk, og uttrykket vert brukt om dei tre dagane før fastetida, fastelavn, blåmandag og feitetysdag. Ein skulle glede seg og feite seg opp før fastetida som skal vere ei annleis tid, ei ettertankens tid. Fastetida er
Read more…
Ingress: Februar starta med jubileumsfeiring av Leikanger kyrkje. Det var stas! No går vi mot Valentinsdagen, og minner om frieri og bryllaup. Jubileumsskrift150-årsjubileumet for Leikanger kyrkje vart feira søndag 5.februar, og det vart ein fest med fullsett jubileumsgudsteneste og kyrkjekaffi med mat på Kjeldsund leirstad etterpå. Vi gleder oss over jubileumsskrifta som er i sal i høve jubileumsåret 2023. Det
Read more…
No på søndag kl. 11.00 er det søndagsskule i Herøy kyrkje med Beathe Carita Myklebust! Ta med deg barn eller barnebarn i kyrkja denne dagen, så dei får det med seg! På Moltu bedehus er Britt Hilde på plass og har søndagsskule der på same tidspunkt. Begge gler seg til søndag. Velkomne.
Herøy: Komande torsdag, 9.februar, er det «Torsdag i kyrkja» igjen, denne møteplassen som fleire og fleire set pris på, i Herøy kyrkje. Den fyrste timen vert det open kyrkje med moglegheit for lystenning i kyrkjerommet og ein kaffikopp og ein prat på Kyrkjetorget. Ta gjerne med strikketøy, eller delta på mannstrimmen i gymsalen i kyrkjekjellaren den fyrste timen. Den andre
Read more…