Archive for February, 2022

Ein bønnedag som vert markert over heile Norge. 

Herøy: Det nærmar seg første fredag i mars, altså 4.  mars. Då vert «Kvinnenes internasjonale bønnedag» markert i Herøy slik det har blitt gjort i mange år. I år skjer det i Herøy kyrkje om kvelden. Det er ei gruppe kvinner frå England, Wales og Nord-Irland som har laga programmet for dette året. Det er fint å kome saman frå
Read more…

Fastelavenssøndag i Leikanger kyrkje kl 11

Søndag er det gudsteneste i Leikanger kyrkje igjen. Det er fastelavenssøndag, og det er tema for gudstenesta. Bibeltekstene handlar om hovedtemaet og dei er henta frå: Lukas 18,31-34 og Jes 52,13-15 og 1 Tim 2,1-6a.Prest Kjell-Roger Isene er liturg og predikant og Vinjar Drage spelar piano til salmar og liturgi. Det blir gode salmar å synge med på, og vi skal feire nattverdens sakrament.
Read more…

Paven og Herøykvartetten i kveldsmessa i Herøy kyrkje

Oddhild Brandal, Olgunn Torvanger og Guri Aasen er pave Frans sitt talerøyr i Herøy kyrkje komande søndag. Dei skal framføre tekstar frå paven si kunngjering om klimautfordringane, encyklika som slikt heiter i Vatikanet, og utdrag frå Bibelen som aktualiserer dette temaet. Jorda er vår felles heim som vi har vanskjøtta med griskheit og kortsiktigheit. Difor er det vårt felles ansvar
Read more…

Gudsteneste med dåp 20.02

Gudsteneste med dåp Herøy: Søndag føremiddag er det felles gudsteneste for alle dei tre sokna i Herøy: Leikanger, Indre Herøy og Herøy sokn på Kristi forklåringsdag. Søndagens tema er dette med å trekke seg tilbake for å be til Gud, noko som mange har praktisert med inspirasjon frå fleire tekster i Bibelen mellom anna søndagens preiketekst frå Lukas 9, 28-36
Read more…

Ledig stilling som dagleg leiar/kyrkjeverje

Herøy er ei kystkommune med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer bundne saman av bruer. Kommunesenteret vårt er den levande kystbyen Fosnavåg. Kommunen vår ligg heilt sør i Møre og Romsdal, og vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda (3 kvarter) og til Austlandet gjennom flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 5 kvarter reisetid sør om Ålesund. I
Read more…

Lysvaken og utdeling av Bibel.

I helga går arrangementet «Lysvaken» av stabelen, både laurdag og søndag. I det høve vert det ei gudsteneste søndag føremiddag i Herøy kyrkje med utdeling av Bibler til dei som går i 6.trinn på skulane i Ytre Herøy. Alle i 6.trinn kan kome og ta imot sin Bibel, sjølv om dei ikkje har høve til delta på Lysvaken-arrangementet av ulike grunnar. Bibelen
Read more…

Torsdag i kyrkja

10.febr.: «Torsdag i kyrkja» – ein møteplass for alle.Denne våren prøver vi noko nytt i Herøy kyrkje. Kvar torsdag kveld vil kyrkjedørene vere opne frå kl 19.00 – 21.15.Det blir eit variert program, for unge og vaksne frå opa kyrkje, via temakvelder til lovsongskvelder.Torsdag 10.februar kl 19.00 er du invitert til opa kyrkja med ein kaffekopp og noko å bite
Read more…

Søndag 6.februar kl 11: Felles gudsteneste med søndagsskule.

Alle landets skular og barnehagar har som regel ei markering i høve Samisk nasjonaldag. Kyrkja har dei seinare år begynt å markere det i heile landet i ei gudsteneste nær 6.februar som er sjølve dagen. Søndag føremiddag markerer vi Samenes nasjonaldag i ei felles gudsteneste for heile Herøy, dvs at vi samlast frå Leikanger, Indre Herøy og frå Herøy sokn
Read more…