Til foreldre/føresette
Dette er første gang at vi har «Sommardagar i kyrkja» for 7-åringane i Herøy! Det er eit trusopplæringstiltak som Herøy kyrkjelyd, Indre Herøy kyrkjelyd og Leikanger kyrkjelyd samarbeider om. Invitasjonen går ut til alle 7-åringar som enten er medlem i kyrkja eller har minst ein forelder som er medlem i ei av kyrkjelydane.
Sommardagane er ein moglegheit for din 7-åring til å bli betre kjend med kva misjon er, og til å bli kjend med misjonsprosjektet som kyrkjelydane støttar på Madagaskar. Gjennom leik, song, mat, forteljing og kreative aktivitetar lære meir om Madagaskar og meir om kva misjon er.
Tid og stad
Herøy kyrkje onsdag 15.august og torsdag 16.august frå 08:00-16:00.
Oppmøte og registrering: 08:00-08:45 begge dagane.
I dette tidsrommet legg vi til rette med moglegheit for leik, fargelegging og formingsaktiviteter før vi startar opp.
Henting: Barna kan hentast på onsdag ettermiddag frå 15:30-16:00.
Gudsteneste: På torsdag er de invitert til å vere med på gudsteneste kl.15:30. Heimreise er då når gudstenesta er slutt (mellom 16:00 og 16:15).
Mat og drikke
Deltakarar må ha med seg matpakke og drikkeflaske.
Vi stiller med frukt, vatn og saft, og noko spennande mat frå Madagaskar i løpet av dagane.
Trusopplæring for alle
Born er forskjellige, og kvar og ein ser verda frå sin stad.
Nokre av oss har meir behov for tilrettelegging enn
andre, og ikkje alle behov er like synlege. Er det noko de
som føresette meiner vi må vere merksame på når det
gjeld dykkar barn, så ta kontakt så vi kan legge til rette.
Påmelding
Påmelding til «Sommardagar i kyrkja» kan du sende til tru@heroy-kyrkje.no eller på telefonr: 70080260. Påmeldingsfrist er sett til 13.august.