
Søndag 27.juni kl 11 er du velkomen til felles gudsteneste i Indre Herøy kyrkje, felles for Leikanger, Indre Herøy og Herøy sokn. Det vert dåp av to barn i kyrkja, og vi skal synge dåpssalmen: «Det skjer et under i verden hver gang et barn blir til». Det blir elles gode salmar, forbøn og preike over dagens tekst frå Matteusevangeliet
Read more…

Komande søndag vert det gudsteneste i Herøy kyrkje. Eit barn skal førast til fonten for stadfesting av dåpen. Vi deler ut gåvene frå nattverdbordet. Skriftlesinga for søndagen minner oss om kva ei menneskesjel er verdt og kallet til etterfølgjing. Takkofferet gjev vi til Wycliffe sitt arbeid på Madagaskar. Cecilie og Stephen Thomas, som er tilknytta dette prosjektet, vert tilstades i
Read more…

Vi kjem på stand på Midtsommar marknad 17-19 juni i Fosnavåg. Vi kjem til å dele ut litt brosjyrer ol, selje lodd til inntekt for det hardt korona- og svoltramma Madagaskar og vere tilgjengeleg for ein prat for dei som ønsker det.

Søndag var det gudsteneste med årsmøte etterpå i Leikanger kyrkje. Bileta viser nokre av dei som deltok. Det vart gjeve ei god gåve til misjonsprosjektet på Madagaskar, og to konfirmanter deltok med oppgaver i gudstenesta. Frå årsmøte:Soknerådsleiar Monica Saetre leste opp soknerådet si årsmelding. Kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø gjekk gjennom budsjett og rekneskap, og orienterte frå Kyrkjeleg Fellesrådssaker i høve
Read more…

Velkommen til gudsteneste med barnedåp på søndag kl 11.00. Prest er Kjell-Roger Isene. Ved orgelet sit kantor Dag Johan Flattun. Johanne Leinebø vil informere om siste nytt angående misjonsprosjektet vårt “Gi evangeliet vidare” på Madagaskar. Du får også høve til å gje ei gåve til msjonsprosjektet i kyrkja, eventuelt kan du støtte vår systerkyrkje på Madagaskar ved å vippse din
Read more…

Vi inviterer til misjonsgudsteneste i Leikanger kyrkje. Gudstenesta vil også bli streama på FB. Her vil du få meir informasjon om Madagaskar ved mellom anna Jan Ove Kleppe som har besøkt landet fleire gonger. Kom gjerne frå heile Herøy for å oppdatere deg på det siste nye frå Madagaskar, og no kan vi endeleg vere fleire i kyrkjene igjen, men
Read more…

HUGS ÅRSMØTE FOR HERØY SOKN, ONSDAG 02.06 KL. 19.00 I AMFIET(KYRKJEKJELLAREN)