Archive for June, 2016

STORFAMILIEGUDSTENESTE I PARKEN

Alt låg til rette for ein strålande dag. Den kalde nordavinden, som hadde prega det meste av helga, var borte. Akkurat i det dei første kom for å forberede dagen, dukka også sola opp. For åttande år på rad, var kyrkjene i Herøy klare for å sette sitt preg på Fosnavåg-veka. I år var det storfamiliegudstenesta som var startskotet for
Read more…

Ledige stillingar

TRUSOPPLÆRAR I HERØY?   Herøy er ei kystkommune med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer bundne saman av bruer. Kommunesenteret vårt er den levande kystbyen Fosnavåg. Kommunen vår ligg heilt sør i Møre og Romsdal, og vi er landfast til flyplass i Ørsta/volda (3 kvarter) og til Austlandet gjennom nye flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 5 kvarter reisetid
Read more…

Kystpilegrim under Herøyspelet

Ro på pilegrimsferd, høyr om Herøys hemmelegheiter og middelaldermakt. – Vi ønskjer å vere med på å knyte Herøy til kystpilegrimsleia igjen, seier kulturleiar i Herøy, Eileen Gjerde. Saman med Herøyspelet legg Herøy kommune, Herøy kystmuseum og kyrkjene i Herøy til rette for at folk skal få ein liten smakebit av å vere pilegrim – både til lands og til vanns.
Read more…

Pinsefest for dei fødd i 2011.

Laurdag 04.06 kl. 15-16.30 i Herøy kyrkje. Festen blei avlyst i Indre Herøy kyrkje då det var nesten ingen som meldte seg på.

StorfamilieGudsteneste

Velkomen til StorfamilieGudsteneste søndag 19. juni klokka 1200 i parken! Kyrkjene i Herøy byr igjen inn til ute- og fellesgudsteneste i samband med Fosnavågveka. Dei vil gi folk eit godt møte og ein god dag. I parken er det rigga for Fosnavågveke og gudstenesta søndag 19. juni set i gang festivalen. På gudstensta blirr mellom eit stort, felles barnekor med.
Read more…

LOVSONGSKVELD

Stikkord for «Smak av lovsong» Sjøborg 12. juni: – LaKris – Ord – Volum – Solistar – Organisering – Nærheit – Gud – Shackles – Kollekt – Vennskap – Einskap – Lydopptak – Dans Den observante og poetisk innstilte oppdaga kanskje at stikkorda ovanfor danna akronymet LOVSONGSKVELD med fyrstebokstavane. Og det er det dette handlar om: «Smak av Lovsong» på
Read more…