Archive for August, 2022

Velkomen til “Torsdag i kyrkja” med salmekveld.

Herøy: Samlingane på torsdagskveldane i Herøy kyrkje har sett seg som ein god møteplass for mange vaksne. Her kan du kome og gå som det passer for den enkelte kvar torsdag kveld. Den fyrste timen er det fokus på ein god prat på kyrkjetorget over ein kopp kaffe med noko attåt.  Samtidig er kyrkjerommet ope med sakral musikk der ein
Read more…

UTSENDINGSGUDSTENESTE – Felles gudsteneste i Herøy Frikyrkje.

Søndag 28. august, 2022 11:00: Denne søndagen deltek vi i ei fellesgudsteneste i Herøy Frikyrkje der vi skal få be for og sende ut att misjonærane våre, Cecilie og Stephen Thomas, til Madagaskar. Der arbeider dei for eit lokalt bibelomsetjingsprosjekt kalla TiBT. Familien er utsendt i samarbeid mellom Wycliffe og NMS, og både Herøy Frikyrkje og Herøy kyrkje/sokn støttar misjons-
Read more…

21.aug kl 11 vert det felles oppstartsgudsteneste for Leikanger, Indre Herøy og Herøy sokn

Søndag vert det felles oppstartsgudsteneste for heile Herøy i Herøy kyrkje!På denne familiegudstenesta skal vi markere at eit nytt semester er i gong med mange kjekke tilbod for både små og store i kyrkjelyden. Det vert også presentasjon av Herøy sokn sitt nye misjonsprosjekt! I arbeidet med å verte Grøn Kyrkjelyd har Herøy sokn vedtatt å støtte eit nytt misjonsprosjekt
Read more…

Sommargudsteneste med dåp i Indre Herøy kyrkje

Søndag 14.august kl 11 er du velkomen til gudsteneste. Bjørn Leinebø er liturg, Johanne Leinebø er klokkar, Nina Skogli Kopperstad er kyrkjevert, Gunnar Elveseter trakterer orgelet og Yacob Teklemariam er kyrkjetenar.Vi har kome til 10.søndag i treeiningstida, og bibeltekstene handler denne søndagen om tilgjeving og forsoning, eit gamalt tema. Menneskehjartet har det vore det same til alle tider, og vi
Read more…

SOMMARGUDSTENESTE

Vel møtt til felles sommargudsteneste for Herøy i Leikanger kyrkje søndag 7.august. Vi skal feire ei LARSOK-gudsteneste denne søndagen. Larsok er ein festdag i kyrkjeåret, på lik line med Jonsok og Olsok! 10.august er det Larsok ifylgje primstaven. Larsok er avmerka som ei rist på primstaven, og vart minnedagen for St. Lars, eller Lavrans som dei sa i Norge eller
Read more…

Kyrkja sitt program denne veka frå måndag 1.august – søndag 7.august:

Mandag: Kl 12-14: Herøy kyrkje er open. Hjarteleg velkomen. Tirsdag: Kl 12-14: Herøy kyrkje er open. Hjarteleg velkomen Onsdag: Kl 10.30 Andaktstund på HOS (Eggesbøtun) Kl 11.00 Andaktstund på HOS (raud og grøn avdeling): Pårørande og andre er hjarteleg velkomne til å vere med i allsongen. kl 12-14: Herøy kyrkje er open. Kl 18.00 Kveldssamling på øya Herøy: Prest leier
Read more…