Archive for February, 2020

Herøy Kyrkje 01.03.2020

Petter Dass samling

Søndagsskulens dag

Brandalskoret og ”protestlege” i Herøy kyrkje komande søndag

Brandalskoret og ”protestlege”  i Herøy kyrkje komande søndag Brandalskoret kjem til Herøy kyrkje søndag kveld. Det er eit livskraftig blandakor heimehøyrande på Brandal og sist haust feira dei 20 år med stor jubileumskonsert på Sjøborg i Ulsteinvik. Koret har 45 songarar, Trond Bigset er styreleiar og Ingrid Remø, med djupe røter i Herøy, er dirigent. ”Protestlegen” og Heidersprisvinnaren Egil Romslo
Read more…

AFTER EIGHT HERØY

Fredagstreffet er historie, men fortvil ikkje. Ein ny ungdomsklubb starter no opp i kyrkjekjelleren. Vi starter no på fredag den 14.02 kl. 20.30 til 23.00. Dei to neste klubbdagane er 13.03 og 17.04. Klokkeslettet er det same. Klubben er for 8-10 klasse.

Tårnagent i Indre Herøy kyrkje.

Søndag 09 februar inviterast alle 3. klassingane i Indre Herøy og Leikanger sokn  til å vere med på tårnagentgudsteneste. På den gudstenesta skal alle 3. klassingane busett i dei to sokna få boka «Skatten i Liljedal». Dei som ikkje er medlem i kyrkja er og velkomne til å få bok!

Gudsteneste 09.02