Archive for September, 2018

MORTEN SAMUELSEN MED SALMEKVELD I HERØY KYRKJE LAURDAG 06.10

Morten Samuelsen er kjend for mange i Herøy etter at han hadde salmekveld på Nerlandsøy bedehus, og no får fleire høve til å vere med på salmekveld med han. Samuelsen har med si sereigne, varme stemme og si unike formidlingsevne nådd mange hjarter med songen sin. Han har sunge sidan han var 8 år og vore med på fleire cd-produksjonar
Read more…

Kveldsmesse med fokus på menneske i krise

Kvart 40. sekund tek eit menneske sitt eige liv. Det er bakgrunnen for at Verdensdagen for sjølvmordsforebygging vart markert 10. september. I forlenginga av denne markeringa blir kveldsmessa i Herøy kyrkje komande søndag prega av innsatsen for å hjelpe menneske i krise. Hilde Lillestøl er samtalegjest. Ho leier Kirkens SOS si avdeling i vårt fylke, og i samtale med Jens
Read more…

Familiegudsteneste med bokutdeling til komande 1. klassingar

Søndag inviterer vi til familiegudsteneste i Herøy kyrkje og i Indre Herøy Kyrkje. Alle som begynte på skule no i haust får boka «Alle gode ting», som er ei spennande aktivitetsbok om kristen tru og tradisjon. Boka er laga til born som held på å lære seg å lese og skrive. Barnet kan løyse dei fleste oppgåvene på eiga hand.
Read more…

Kirkens SOS

Er du ein god lyttar? Nye frivillige søkes da Kirkens SOS skal åpne ei lita chatteavdeling i Myrvåg. Nytt innføringskurs tek til i slutten av september. Hilde Lillestøl, nyesjefen i Kirkens SOS i Ålesund, kjem forresten som samtalegjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag 23. september. Sjå: https://www.kirkens-sos.no/engasjer-deg

Med salmar i sentrum

Morten Samuelsen har med ei sereigen og varm stemme og ein unik formidlingsevne nådd mange hjarter med songen sin. Han har sunge sidan han var 8 år og vore med på fleire cd-produksjonar i grupper og som solist og i 2011 kom han ut med sin første solo-cd. Våren deltok han 2015 på Norske talenter der han rørte heile kongeriket
Read more…