Archive for May, 2023

Nytt frå Herøy-sokna

Vi feira pinse med to vielser på laurdagen, to festgudstenester på 1.pinsedag, ein orgelkonsert på kvelden 1.pinsedag og ei felles familiegudsteneste/ein pinsefest på 2.pinsedag på Kjeldsund med fokus på Talsmannen som kom til jord. No går vi inn i juni med eit variert kyrkjeprogram for sommaren også. Stand på Sommarfesten og Storfamiliegudsteneste på utescenaVi gleder oss over «Sommarfesten i Fosnavåg»
Read more…

TWEENS PÅ FREDAG

Siste tweens før ferien no på fredag frå 18-20.00. Velkomen!

Nye Konfirmantar – Informasjonsmøte 06.juni

Tysdag 6.juni er komande kyrkjelege konfirmantar inviterte til eit informasjonsmøte i Herøy kyrkje. Kanskje kjenner du som les dette ein 8.klassing som er nysgjerrig på korleis det er å vere konfirmant i kyrkja? Tips dei gjerne om informasjonsmøtet.  I løpet av konfirmantåret vil konfirmanten få lære meir om seg sjølv og den kristne trua? Informasjonsmøtet vert felles for Herøy kyrkje,
Read more…

Musikk av Cesar Franck

Orgelkonsert i Herøy kyrkje med musikk av Cesar Franck.Den Belgisk-franske komponisten hadde 200 årsjubileum i 2022. Den var planlagt markert i Herøy kyrkje med ein orgelkonsert med kantor Dag Johan Flattun i April, men den vart flytta for å gje rom for Sunnmøre mannskor sin turnering. Søndag 28.mai er den nye datoen for konserten. Her vil det verte presentert eit
Read more…

Gudsteneste med 50-årskonfirmantar og søndagsskule

Gudsteneste med 50-årskonfirmantar og søndagsskuleSøndag 21.mai kl 11 vert det gudsteneste i Herøy kyrkje, ei felles gudsteneste for heile Herøy. Dei som vart konfirmerte i 1973 i Herøy kyrkje er spesielt inviterte til denne gudstenesta. Mange av dei er påmeld og fleire kjem reisande langvegs frå for å vere med på jubileet. Dei vil bli presenterte i gudstenesta. Elles får
Read more…

SØNDAGSSKULE I HERØY KYRKJE

På søndag klokka 11 er det kjekt å kunne melde om at det blir søndagsskule igjen. Beathe Carita Myklebust er superklar og håper mange vil kome. Vi gler oss! Alle er hjarteleg velkomen.

17.maigudsteneste i Leikanger kyrkje

17.maigudsteneste i Indre Herøy kyrkje

Gudsteneste i Herøy kyrkje på 17.mai

Konfirmantgudstenester og dåp

Laurdag 13.maiHerøy kyrkje kl 1030:Konfirmasjonsgudsteneste.Liturg Solfrid Leinebø Seljås.Kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo.Kantor Dag Johan Flattun.Song: Mina Kvalsund Brendmo.Offer: Kyrkjemusikalsk arbeid. Laurdag 13.maiHerøy kyrkje kl 1230:Konfirmasjonsgudsteneste.Liturg Solfrid Leinebø Seljås.Kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo.Kantor Dag Johan Flattun.Song: Mina Kvalsund Brendmo.Offer: Trusopplæringa. Søndag 14.maiHerøy kyrkje kl 11:Konfirmasjonsgudsteneste.Liturg Solfrid Leinebø Seljås.Kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo.Kantor Dag Johan Flattun.Song: Mina Kvalsund Brendmo. DåpOffer: Arbeid for barn i kyrkja.
Read more…