Her melder du deg på: https://minkirkeside.no/Heroy/Paamelding/Id?aktivitetsid=ca13ac91-f700-4927-80cb-7648d48e23ed eller på telefon til 418 60 780.
Lammet som kristent symbol
Søndag fokuserer gudstenestene i Den Norske kyrkje på temaet «Lam». Mange bedehus og kyrkjer har symboler i utsmykkinga si, og lammet vert ofte brukt som symbol på preikestoler eller på glasmaleri. Vi skal snakke i gudstenesta i Herøy kyrkje om kva som ligg i denne symbolbruken, mellom anna ut ifrå bibelteksten som står i Johannes kapittel 1, vers 29-34. 1 barn skal berast til dåpen, og to barn skal få 4-årsboka si. Dei hadde ikkje høve til å kome i haust då vi delte ut 4-årsbøkene, så då tek vi det no istadenfor. Denne gudstenesta er ei felles gudsteneste for alle tre kyrkjene: Leikanger, Indre Herøy og Herøy kyrkje. Ingrid Nerhoel står for musikken, fung sokneprest Solfrid Leinebø Seljås er liturg, kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo er medliturg og konfirmantar har oppgåver i gudstenesta. Takkofferet går denne gongen til Wycliffe sitt arbeid på Madagaskar som familien Cecilie Leinebø og Stephen Thomas er engasjert i. Vi vil få oppdatert informasjon om dette arbeidet. Elles blir det gode salmar, bøn og nattverd. Vi held godt smittevern i kyrkjene våre, men det er fortsatt berre 50 som kan kome. Vi må difor ha påmelding. Får du ikkje meldt deg på av ein eller annan grunn, så får du heller ta sjansen på at der er ein eller to plasser ledige, så kanskje det går likevel. Vel møtt til gudsteneste frå heile Herøy.
