Kjære Herøy Kyrkje.
Godt nyttår til alle saman og takk for det gamle! Spesielt vil vi seie takk til alle som har bedt for oss og som støttar arbeidet vårt økonomisk. Det er godt for oss å vite at de held Madagaskar nær dykkar hjarte slik som vi også gjer.
Vi har hatt eit flott, men annleis 2021 her i Norge. Det har vore veldig godt å få vere nær både familie, vener og kyrkje-familiene våre. Sidan sist vi hadde oppdatering i Herøy Kyrkje har Madagaskar begynt å opne opp grensene for land i Europa. Ein av våre medarbeidarar kom seg tilbake til Madagaskar nokre dagar før jul, medan for dei andre har det framleis ikkje vore mogleg. Vi har blitt råda av Wycliffe til å vente til etter sommaren før vi reiser ut, av forskjellig grunnar vi ikkje treng å gå inn på her. Fram til den tid held vi fram med å jobbe slik vi gjer no.
I desember vart ei ny familie godkjent som utsendingar, og til vår store glede skal også dei reise til Madagaskar. Dei blir våre næraste medarbeidarar. Ekstra kjekt er det at dei har born på alder med vår Charlotte og at Cecilie og Sigrid (som er mammaen i den andre familia) vaks opp ilag på den norske skulen på Madagaskar. Vi ser verkeleg fram til å vere fleire småbarnsfamiliar som kan vere der ilag.
Når det gjeld korona-situasjonen så er den framleis ganske alvorleg. Siste oppdateringa vi fekk var at berre rundt 2%har tatt vaksine. Det er det fleire grunnar til, både at der er mangel på vaksiner og at folk er redde for å ta den. Fleire av våre gassiske medarbeidarar har vore sjuke av korona. I tillegg er det ekstremtørke på sør-Madagaskar og stor mangel på drikkevatn og mat. Dei treng at vi er med å ber om regn!
Elles jobbar omsetjarane så godt dei kan med konsulenthjelp over nett. Ei gledeleg nyheit er at det nyleg måtte printast fleire kopiar av kyrkjetekstane på Masikoro-språket fordi etterspurnaden var så stor. Folket er tyrste etter Guds ord! Det er også andre team som jobbar med å omsetje alle kyrkjetekstane no. Dette er til stor hjelp spesielt under gudstjenestene. Sjølv om eit språk ikkje har tilgong til heile Bibelen enda, kan dei få dagens preiketekst lest på sitt språk.
Vi vil takke for godt samarbeid og god støtte fra dykk og ser fram til meir av dette i 2022. Forhåpentlegvis utan å måtte halde meteren og bruke munnbind 😊
Helsing Cecilie og Steven.
Mvh Cecilie Leinebø Thomas
Kommunikasjonsmedarbeider
