Home » Utstillinga Korsvegen

Utstillinga Korsvegen

Kjell Gunnar Overøye viser utstillinga

KORSVEGEN  14 bilete frå Kristi pasjon

Utstillinga opnar søndag 23. mars 2014 i samband med gudstenesta og blir å sjå i kyrkja sine opningstider ut påska.

Korsvegen

”Korsvegen” er ein serie på 14 bilete frå Kristi pasjon. Dei 14 bileta refererer til Kristi offergang frå Pilatus´dommarsete til Kalvarieberget, ein 1 km lang veg frå aust mot vest gjennom Jerusalems gater, ut gjennom den vestlege byporten til avrettingsstaden. Korsveg-temaet tilhøyrer ein trustradisjon som dels har sitt opphav frå evangelia og dels er supplert med legendestoff.

I dei europeiske kyrkjene vart Korsvegen opprinneleg markert med enkle kors. Seinare med bilete, relieff og skulpturar. Denne skikken vart innført av fransiskanarane. På 1600 talet vart det endelege talet på stasjonar, innhald og rekkjefølgje fastlagd til 14 av fransiskanarmunken Antonio Daza. Sidan har korsvegen vorte fast inventar som utsmykking i katolske kyrkjer, og i seinare tid også i nokre evangelisk-lutherske kyrkjer.

Kunstnaren si tilnærming til temaet er i denne omgang bilete i ein figurativ, litterær stil med røter i tradisjonen utan direkte bruk av samtidige referansar. Dette valet har nok først og fremst å gjere med temaet sjølv – der lidinga ikkje minst er knytt til det kroppslege.

Bileta er måla på etsa og oljebrende jernplater i mørke fargetonar sidan struktur og eigenfarge i jernet dannar ein vesentleg del av ”grunntonen” i platene.