Home » Utstilling av dåpskjolar

Utstilling av dåpskjolar

Utstilling av dåpskjolar
Søndag 26.mars kl 18.00 vert det opna ei utstilling av dåpskjolar i Herøy kyrkje, ein time før kveldsgudstenesta. Det må passe særleg godt å opne dåpskjoleutstillinga denne søndagen som vert kalla «Maria bodskapsdag».
Det er dei fire sanitetsforeningane i Herøy i tillegg til medlemar i kyrkelyden som bidreg med dåpskjolar til utstillinga. Dåpskjolane vert leverte til kyrkjekontoret denne veka frå og med tysdag 14.mars til og med onsdag 22.mars. Saman med dåpskjolen skal det fylgje eit ark med fakta om dåpskjolen, til dømes kven har lagd dåpskjolen, alder på dåpskjolen og kor mange har brukt den.
Du vil få sjå eldre og nyare dåpskjolar om du tek turen innom utstillinga som mellom anna er open før og etter dei fire gudstenestene gjennom påskeveka. Utstillinga vert ståande frå og med søndag 26.mars til og med søndag 16.april som er den fyrste søndagen etter påskeveka.
Meir informasjon om dåpskjoleutstillinga og opningstidene finn du etterkvart her på heimesida eller på facebook «Herøy kyrkje».

Vel møtt til alle – frå heile Herøy.