UTDELING AV BIBEL i familiegudsteneste.Herøy: Søndag 6.mars KL 11.00 skal vi feire ei familiegudsteneste i Herøy kyrkje der elevane på 5.trinn frå skulane i Ytre Herøy (Nerlandsøy, Einedalen og Bergsøy skule, avd Borga). er inviterte til å få kome til gudstenesta for å ta imot sin eigen Bibel. Alle andre er også velkomne! Vi skal synge gode songar/ salmar, be, tenne lys og lytte til ei spanande fortelling frå Bibelen. Prest Solfrid Leinebø Seljås, diakon Ragnhild Danbolt Øygard, organist Dag Johan Flattun, konfirmantar m.fl deltar i gudstenesta. Søndag har vi kome til 1.søndag i fastetida i kyrkjeåret. Takkofferet går til Kirkens Nødhjelp, ein av dei nødhjelpsorganisasjonane som har eit etablert arbeid og distribusjonsnettverk gjennom mange år i Ukraina.
Etterpå er alle velkomne til å vere med på kyrkjekaffi/saft og noko attåt nede i kyrkjekjellaren der det er høve til leik og aktivitet – for den som vil.
Samtidig vert det feira gudsteneste i Leikanger kyrkje med dåp og nattverd. Prest Sigmund Bjerkvik, organistvikar Ingrid Nerhol, klokkar Odgeir Valen, konfirmantar m.fl. deltar i gudstenesta. Takkofferet går til Røde Kors, ein av dei nødhjelpsorganisasjonane som har eit etablert arbeid og distribusjonsnettverk gjennom mange år i Ukraina. Vel møtt i begge kyrkjene på søndag.

