Vi gjentek suksessen frå i fjor og inviterer små og store til Pinsefest på Kjeldsund 2.pinsedag!!

Vi startar dagen med Familiegudsteneste ute på tunet kl.11.00. Her skal vi få lære litt meir om kvifor vi feirar pinse! Etter gudstenesta vert forskjellege aktivitetar med blant anna moglegheit for grilling, padling i kano, discgolf, rebusløype og tombola til inntekt for misjonsprosjektet vårt på Madagaskar.
Vi stiller med varme grillar, saft og kaffi. Ta med noko til å legge på grillen sjølv eller anna mat om du ynskjer det.
VELKOMEN til ein kjekk dag for små og store på vakre Kjeldsund