Home » Torsdag i kyrkja

Torsdag i kyrkja

10.febr.: «Torsdag i kyrkja» – ein møteplass for alle.Denne våren prøver vi noko nytt i Herøy kyrkje. Kvar torsdag kveld vil kyrkjedørene vere opne frå kl 19.00 – 21.15.Det blir eit variert program, for unge og vaksne frå opa kyrkje, via temakvelder til lovsongskvelder.Torsdag 10.februar kl 19.00 er du invitert til opa kyrkja med ein kaffekopp og noko å bite i på kyrkjetorget. Kyrkjerommet er ope, for lystenning og ei stille stund – om ein ynskjer det.Kl 20.00 blir det ein kort bibeltime ut frå tema: “Å vere kyrkje” ved prosten for Søre Sunnmøre prosti, Ingeborg Martre. Denne samlinga blir i kyrkjelydssalen. DET SOM BLIR LIKT KVAR GONG er at kyrkja er open frå kl 19.00 med servering på kyrkjetorget, og så byrjar programmet kl 20. Hovedtema for våren er: «Å vere kyrkje». Programmet blir enten i kyrkjerommet eller i kyrkjelydssalen, og det vil variere, frå bibellesing og samtale til temakvelder og lovsongskvelder.Eige plan for våren for torsdagane kan du finne ved å gå inn på kyrkja si heimeside www.heroy-kyrkje.no.OBS. Endringer kan skje, men då vil vi varsle om det i tide.Om du er nysgjerrig på denne møteplassen som vi har kalt “Torsdag i kyrkja”, så er du hjarteleg velkomen frå heile Herøy til Herøy kyrkje på torsdagane framover. Arr.: Den Norske Kyrkje i Herøy