Home » «Torsdag i kyrkja» med salmekveld, 7.april kl 19

«Torsdag i kyrkja» med salmekveld, 7.april kl 19

Torsdag fk er det igjen “opa kyrkje” med fellesskap på kyrkjetorget over ein kopp kaffe m/enkel servering. Dei som ynskjer det kan gå inn i kyrkjerommet for å tenne lys for Ukraina og Russland og fred for verda.

Kl 20: Vi går over i ein salmekveld. Kantor Dag Johan Flattun har valgt ut gode påskesalmar slik at vi kan ha ei “påskevandring dag for dag gjennom salmane”. Denne kvelden blir det allsongen som står i fokus. Kom og syng med i dei gode påskesalmane. Prest Solfrid Leinebø Seljås er også med denne kvelden, og vil seie noko om bakgrunnen for ein av påskesalmane. Du kan kome også om du ikkje syns du har så god songstemme. Kyrkja er ein heim for alle, og dette er kveldar som alle kan vere med på, enten du kjem saman med nokon eller du kjem åleine. Samlingane på torsdagskveldane i Herøy kyrkje har sett seg som gode møteplasser for mange. Den fyrste timen med “opa kyrkje” er lik frå veke til veke. Programmet for den andre timen varierer frå bibelske temasamlingar, via salmekveldar til lovsongskveldar. Dette er samlinger som kan høve for dei fleste vaksne, og alle er velkomne. Arrangør.: Soknerådet i samarbeid med friviljuge alt etter tema.