Home » “Torsdag i kyrkja” med Nytt frå Madagaskar.

“Torsdag i kyrkja” med Nytt frå Madagaskar.

Velkomen til ei “opa kyrkje med påfylgjande temasamling i Herøy kyrkje torsdag kveld, 19.januar, kl 19-21.

Samlingane på torsdagskveldane i Herøy kyrkje har sett seg som ein god møteplass for mange vaksne. Her kan du kome og gå som det passer for den enkelte.

Kl 19-20: Den fyrste timen er det fokus på ein god prat på kyrkjetorget over ein kopp kaffe med noko attåt. Samtidig kan ein finne roa i kyrkjerommet som er opent for lystenning for verdensfreden eller liknande.

Kl 20-21: Den andre timen blir det komande torsdag ei samling om temaet “Nytt frå Madagaskar” ved Johanne og Bjørn Leinebø. Dei har begge lang misjonærerfaring frå Madagaskar. Bibelomsetjing har vore ein stor del av deira teneste, også etter at dei kom heim igjen til Herøy som prestepar. Dei har vore på Madagaskar igjen ein 6 vekers tur i november og desember, og vil fortelle frå denne turen. Ein kveldssalme høyrer med.

Disse torsdagskveldane vil ha varierte temasamlingar, frå torsdag til torsdag. Alle er velkomne til “Torsdag i kyrkja” – frå heile Herøy. Arrangør: Den Norske kyrkje i Herøy.