Home » Torsdag i kyrkja med «Bibelsporet»

Torsdag i kyrkja med «Bibelsporet»

Herøy: Torsdag fk 26.januar kan du få innblikk i eit undervisingsopplegg om Bibelen om du tek turen til Herøy kyrkje om kvelden frå kl 19-21.
Då vert det fyrste timen open kyrkje samtidig som at ein kan få kaffeservering på kyrkjetorget. Den andre timen har alltid eit tema, og denne gongen er det «Bibelsporet» som er tema.
For tida vert det gjennomført eit undervisingsopplegg på 5.trinn som heiter «Bibelsporet». I løpet av fire skuletimar lærer elevane den raude tråden gjennom Bibelen. Kurset er populært og lærerikt. Bibelsporet (tidlegare «Vandring gjennom Bibelen») er eit solid metodisk undervisingsopplegg, utarbeida av Det Norske Bibelselskap. Det er tilpassa dei nye læreplanane i KRLE-faget og er laga for 4-5.trinnet. Elevar i heile landet har stor glede av undervisingsopplegget som ikkje er forkynnande, men er laga som ein ressurs for å dekke kompetansemål i KRLE-faget.
I fjor tok formidlarane i kyrkjestaben (prestar, kyrkjelydspedagogar og diakon) kurs i å undervise «Bibelsporet» til born og ungdommar, med påfylgjande tilbod om turne til alle barneskulane i Herøy. Turneen gjennomførast i år i denne veka og dei to neste vekene.
Dersom du er nysgjerrig på denne undervisinga med bevegelse som metode, så kan du møte opp i Herøy kyrkje på torsdagskvelden. Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås vil leie denne samlinga, og gje eit innblikk i «Bibelsporet». Kjenner du ein elev på 5.trinn, så har du eit høve på torsdag til å lære deg ein del av dei teikna som elevane har lært, så kan de ha noko å samtale om neste gong de sjåast?
Kvar torsdag er det «Torsdag i kyrkja» og fleire og fleire set pris på denne møtestaden. Alle er velkomne. Arrangør: Den Norske Kyrkje i Herøy.