Home » Torsdag i kyrkja med bibelomsetjing som tema

Torsdag i kyrkja med bibelomsetjing som tema

Herøy: Velkomen til ei “opa kyrkje med påfylgjande temasamling i Herøy kyrkje komande torsdag kveld, 13.oktober.

Samlingane på torsdagskveldane i Herøy kyrkje har sett seg som ein god møteplass for mange vaksne. Her kan du kome og gå som det passer for den enkelte.

Den fyrste timen er det fokus på ein god prat på kyrkjetorget over ein kopp kaffe med noko attåt. Samtidig kan ein finne roa i kyrkjerommet som er ope for lystenning for verdensfreden eller liknande.

Den andre timen blir det komande torsdag ei samling om bibelomsetjing ved Johanne og Bjørn Leinebø. Dei har begge lang misjonærerfaring frå Madagaskar. Bibelomsetjing har vore ein stor del av deira teneste, også etter at dei kom heim igjen til Herøy, som prestepar etterkvart. Dei hadde eit foredrag om dette temaet i september, og no kjem del to torsdag 13.oktober. Du kan kome sjølv om du ikkje fekk med deg det fyrste foredraget. Ein kveldssalme høyrer med.

Disse torsdagskveldane vil ha varierte temasamlingar frå torsdag til torsdag, til dømes neste torsdag 20.okt vert det ein blueskonsert. Samlingane på torsdagskveldane i Herøy kyrkje har sett seg som ein god møteplass for mange vaksne. Her kan du kome og gå som det passer for den enkelte. Alle er velkomne til “Torsdag i kyrkja” – frå heile Herøy. Arrangør: Den Norske kyrkje i Herøy.