Home » Torsdag i kyrkja med allsong av advent- og julesongar.

Torsdag i kyrkja med allsong av advent- og julesongar.

Herøy: Velkomen til ei “opa kyrkje med påfylgjande temasamling i Herøy kyrkje komande torsdag kveld, 8.desember, frå kl 19-21.

Samlingane på torsdagskveldane i Herøy kyrkje har sett seg som ein god møteplass for mange vaksne. Her kan du kome og gå som det passer for den enkelte.

Kl 19-20: Den fyrste timen er det fokus på ein god prat med kjende eller nye vener på kyrkjetorget over ein kopp kaffe med noko attåt. Samtidig kan ein finne roa i kyrkjerommet som er ope for lystenning for verdensfreden eller liknande.

Kl 20-21: Den andre timen blir det komande torsdag ei samling om «Advent- og julesongane».
Ann Kristin Frantsen vil site ved pianoet og leie allsongen. Ho har vikariert ei tid i kyrkjene våre no som organist/pianist, så mange kjenner ho også av den grunn. Kanskje syng ho noko for oss også.
Det er godt å få vere med å synge dei kjende advent- og julesongane.

Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås vil lese nokre adventdikt og nokre bibeltekster innimellom at vi syng saman.  Ein kveldssalme høyrer med til slutt.

Disse torsdagskveldane har varierte temasamlingar frå torsdag til torsdag, til dømes har det vore lovsongskveld, temakvelder om bibelomsetjing, blueskonsert, bibelundervising og salmekveldar. Samlingane på torsdagskveldane i Herøy kyrkje har sett seg som ein god møteplass for mange vaksne.
Torsdag 8.des er siste gong vi har «Torsdag i kyrkja» før jul, og alle er velkomne frå heile Herøy.
Arrangør: Den Norske kyrkje i Herøy.