Home » «TORSDAG I KYRKJA» – ein møteplass for alle.

«TORSDAG I KYRKJA» – ein møteplass for alle.



«TORSDAG I KYRKJA» – ein møteplass for alle. Velkomen til Herøy kyrkje kvar torsdag hausten 2022 til varierte kveldar.

Kl 19.00 Opa kyrkja med musikk/lysgloben/stille i kyrkjerommet.
Uformell prat, kaffe, te, myldring, noko å bite i på kyrkjetorget.
OBS! Denne timen blir lik (stort sett) kvar torsdag – vel møtt til alle!

Kl 20.00 Bibellesing, temakvelder med ulike innleiarar, lovsangskveld m.m. – sjå program for kvar torsdag her, og omtale på kyrkja si heimeside og i lokalavisa «Vestlandsnytt»:

15.sept  kl 20 Bibelomsetjing, del 1 – ved Johanne og Bjørn Leinebø

22.sept  kl 20 «Kvar kjem visdomen frå?» ved Solfrid Leinebø Seljås

29.sept  kl 20 «Erkeenglar og andre tenarar» ved Kjell-Roger Isene.

6.okt  –  kl 20 Lovsongskveld i NB! Indre Herøy kyrkje

13.okt – kl 20 Bibelomsetjing, del 2 – ved Johanne og Bjørn Leinebø

20.okt – kl 1930 Blues og allsongkveld med rev John/ Jon Ultvedt. Billett kr 200

27.okt – kl NB! 1730 – «OPS-kurs» (Oppmerksom ved sjølvmordstankar)
               – på melding til arrangementet. Meir info kjem/eige arr.

3.nov –  kl 20 Musikk og naturbilete –  av lokale fotografar.

10.nov –kl 20 Lovsongskveld i Herøy kyrkje

17.nov –kl 19 Medarbeiderfest – for frivillige medarbeidarar i sokna i Herøy.

24.nov   kl 20 Aktuelt tema v/ gen. sekr. i Norges Kristne Råd,Erhard Hermansen

1.des  – kl 20 «Nytt kyrkjeår». – Fleire bidreg.
8.des – kl 20: Salmekveld, med m.a. song av Harry Andersen

Du vil møte både tilsette i kyrkja, prestar og friviljuge medarbeidarar. «Torsdag i kyrkja» er ope for kven som helst. Om du er nysgjerrig på denne møteplassen som vi har kalla “Torsdag i kyrkja”, så er du hjarteleg velkomen frå heile Herøy til Herøy kyrkje på torsdagane framover.       

                                                  VEL MØTT TIL ALLE!
                              www.heroy-kyrkje.no eller på facebook: «Herøy kyrkje»