Home » “Torsdag i kyrkja” – 5.mai i Herøy kyrkje

“Torsdag i kyrkja” – 5.mai i Herøy kyrkje

Denne torsdagen kl 20.00 kjem Stephen Thomas og fortel frå bibelomsetjingsarbeidet som han og kona Cecilie Leinebø Thomas arbeider med gjennom organisasjonen Wycliffe på Madagaskar. Dette blir i kyrkjelydssalen.Frå kl 19.00 er det opa kyrkje og moglegheit for alle som har lyst å få seg ein prat og ein kopp kaffe og noko attåt på kyrkjetorget. Du har også høve då til å gå inn i kyrkjerommet for ei stille stund eller for å tenne eit lys for noko eller for nokon. Herøy sokn har forplikta seg på å støtte dette bibelsetjingsarbeidet med ein fast sum i månaden. Det er derfor naturleg at kyrkjelyden får høyre nytt frå arbeidet med jamne mellomrom.Velkomen frå heile Herøy – og området rundt også!