Home » Torsdag i kyrkja

Torsdag i kyrkja

Komande torsdag er det «Torsdag i kyrkja», Herøy kyrkje.

Den fyrste timen vert det opa kyrkje med moglegheit for lystenning i kyrkjerommet og ein kaffekopp og ein prat på kyrkjetorget. Då er også dåpskjoleutstillinga open, i Kyrkjestova som er rett ved sidan av Kyrkjetorget.

I den andre timen er det sett opp eit tema som er ulikt frå gong til gong. Denne gongen vil vi sjå nærare på bibeltekstene som er sett opp for palmesøndag. Det er Bjørn og Johanne Leinebø som har ansvaret for denne gjennomgangen, i kyrkjelydssalen. Disse kveldane er opne for alle, og har vorte ein møteplass som fleire og fleire set pris på. Velkomen frå heile Herøy! Arrangør er Den Norske Kyrkje i Herøy.