Home » TORSDAG I KYRKJA

TORSDAG I KYRKJA

Velkomen til å sjå nye naturbilete av Ivar Sulebakk ! Torsdag 3.nov i Herøy kyrkje frå kl 20-21. Ivar Sulebakk er kjendt for sitt gode fotografiske blikk og har delteke på mange utstillingar opp gjennom åra. Denne gongen kjem han med nye digitale naturbilder frå området og viser raust fram frå sine mange køyre-og fotografturar rundt omkring på Sunnmøre og tilliggande kommunar.

Timen før frå kl 19-20 er Herøy kyrkje open for alle som ynskjer ein prat over ein kaffikopp på Kyrkjetorget eller å kunne gå inn i kyrkjerommet for ei stille stund med lystenning.

Arrangementet kallast “Torsdag i kyrkja” og det er varierte temasamlingar kvar torsdag i Herøy kyrkje, etter den opne timen. Det kan variere mellom temasamlingar, foredrag, bibeltimar eller kurs. Desse torsdagane har sett seg som ein god møteplass for mange vaksne, og vi vonar at endå fleire oppdagar dette flott tilbodet.

Vi vonar at mange tek turen for å sjå dei nye bileta til Ivar Sulebakk!

-Biletet er av Ivar Sulebakk frå ein av dei mange utstillingane han har delteke på, Maritime dagar i Gjerdsvika i 2009.