“Du er velkomen til å kome til Herøy kyrkje på torsdag for opa kyrkja med lystenning for den som ynskjer det i kyrkjerommet og/eller fellesskap på kyrkjetorget over ein kopp kaffe. Frå kl 2000 er det program i kyrkjelydssalen ved Bjørn og Johanne Leinebø m.fl. med fokus på bibeltekstene for komande søndag som vert kalla for 3.søndag i påsketida. Tekstene for søndagen blir lesne, så vert det samtale rundt borda og noko samtale i plenum. Ein kveldssalme passer som avslutning. -Desse samlingane i kyrkja på torsdagane har sett seg som gode møteplassar for mange. Du er velkomen – frå heile Herøy
