Home » Temasamling om englar

Temasamling om englar

Velkomen til ei “opa kyrkje med påfylgjande temasamling i Herøy kyrkje komande torsdag kveld, 27.september kl 19-21.
Kl 19-20: Den fyrste timen er det fokus på ein prat på kyrkjetorget over ein kopp kaffe med noko attåt. Samtidig kan ein finne roa i kyrkjerommet som er ope for lystenning for fred i verda, for Ukraina og Russland eller det du måtte bere på.

Kl 20-21: Den andre timen blir det komande torsdag ei samling i kyrkjelydssalen om temaet: “Mikkelsmesse. Om erkeenglar og andre tenarar.” ved prest Kjell-Roger Isene. Kva står det i Bibelen om englar? Kva er ein erkeengel? Kvifor feirar den kristne kyrkja (den katolske kyrkje, den ortodokse kyrkje og den lutherske kyrkje) det som vert kalla Mikkelsmesse?
Komande torsdag er Mikkelsmessdagen i høve primstaven. Bibeltekstene for denne dagen rører ved dette temaet som vert tematisert på torsdag i Herøy kyrkje. Ein kveldssalme høyrer med.

Torsdagskveldane “Torsdag i kyrkja” vil ha varierte temasamlingar den andre timen. Samlingane på torsdagskveldane kvar torsdag i Herøy kyrkje har sett seg som ein god møteplass for mange vaksne. Du vil møte prestar og andre tilsette eller friviljuge medarbeidarar i kyrkja. Her kan du kome og gå som det passer for den enkelte.
Alle er velkomne til “Torsdag i kyrkja” – frå heile Herøy.
Arrangør er Herøy sokneråd.