Komande tysdag møtast vi i sidesalen i Herøy kyrkje til ein ny temakveld. Vi tek då fatt på det nest siste programmet i TV-serien om Bibelen. Dette vert den siste temakvelden i haust-halvåret.
Temaet denne gongen er «Paulus». Programleiaren er oldtidsgranskar, og han kallar Paulus for den viktigaste personen i kristendomen, nest etter Jesus. Han gir oss først ei nyttig innføring i kven denne mannen var, for deretter å spørje korleis han kom fram til det han gjorde, dette som fekk så mykje å seie for at kristendomen breidde seg utover i rekordfart. Til sist spør han korleis vi skal forholde oss til det det Paulus skriv i breva sine, og som utgjer ein stor og viktig del av nytestamentet vårt.
Seniorprest Sjur Sæter vil leie samveret, etter at vi i fellesskap har sett episoden, og vi gir rom for kommentarar og meiningsutveksling. Herøy sokneråd står som arrangør, og syter også for ei enkel bevertning.
Alle er velkomne i Herøy kyrkje tysdag 25. november!