Home » Temakveld om Bibelen i Herøy kyrkje: Dei 10 boda.

Temakveld om Bibelen i Herøy kyrkje: Dei 10 boda.

Tysdag 30.september er den siste tysdagen denne månaden, og det betyr at det då er klart for endå ein temakveld om Bibelen i Herøy kyrkje. Emnet denne gongen er Moselova, med Dei 10 boda i spissen.
Ein jurist har utforma dette temaet i TV-serien ”Bibelen”. Ho spør gong etter gong i programmet om ikkje bodorda burde ha ein viktig plass også i vårt moderne samfunn. Dei sekulære kreftene har i dag mange høgrøysta talsmenn, og dei er tydelege på at dei vil fjerne dei religiøse boda frå samfunnslivet. Programleiaren derimot er overtydd om at vi ville vere lykkelegare om vi retta oss etter Bibelens lover.
Kva plass skal då Guds bod ha hos oss i dag? Dette og liknande spørsmål vil vi ta opp på temakvelden komande tysdag i Herøy kyrkje. Vi ser programmet i TV-serien i lag, og samtalar om emnet over ein kopp kaffi og med litt å bite i attåt.
Herøy sokneråd står som arrangør.
Alle er velkomne!