Home » TÅRNAGENTHELG FOR 3 KLASSINGAR

TÅRNAGENTHELG FOR 3 KLASSINGAR

Indre Herøy og Leikanger kyrkjelyd inviterer søndag alle 3.klassingane i Indre Herøy og Leikanger sokn til å vere Tårnagentar i kyrkja kl. 14.00. Her kan dei utforske kyrkja, Bibelen og kyrkjetårnet. Agentane får løyse oppdrag og mysterium, og har eigne agentkodar. Det blir pizza og saft.

På gudstenesta søndag kl. 17.00, får dei boka «Skatten i Liljedal» i gåve frå kyrkjelyden. Presten på søndag er Ove Aksnes og med seg har han kyrkjelydspedagogane Karoline og Karl Anders, ved pianoet sit Ann Kristin Frantsen. Etter gudstenesta blir det servert «kyrkjekaffi». Alle er hjarteleg velkomne.