TANZANIA KVELD
Med song, mat og møte med Kirkens Nødhjelp sitt arbeid
For ein kveld! Mange hadde funne vegen til Herøy Frikyrkje for å høyre pastor Erhard Hermansen og kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo fortelje frå studieturen med Kirkens Nødhjelp til Tanzania som dei var med på i september. Tor Inge Warholm, kokk på Sunnmøre Folkehøgskule, sørga for at alle som kom fekk smake herleg mat frå Tanzania. Her vart servert pilau, ein tradisjonell Tanzaniansk risrett, kylling og ulike salatar og stuingar.
Vi fekk høyre om Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Tanzania med fokus på økonomisk myndiggjering, om tverreligiøs tilnærming for å styrke det sivile samfunn, om ressursstyring, om vatn, sanitær og helse, og om arbeidet ved Haydom Lutheran Hospital.
For mange var nok det siste eit høgdepunkt. Fleire av dei som kom hadde strikka babykuvøser til sjukehuset og nokre kunne også sjå bilete når akkurat deira babykuvøse vart overlevert sjukehuset.
Erhard Hermansen fortalde om arbeidet ved Zanzibar Interfaith Center, om opning av nye klasserom i Munguri, og kva ein ny brønn i byen har fått av betydning. Vi fekk høyre om VICOBA, låne- og sparegrupper som hjelper fattige i Tanzania til å finne ein veg ut av fattigdomen ved å spare det litle dei har av pengar til ein felles pott. Mange små beløp kan til saman verte mykje pengar. Dette kan brukast til å gje små lån til gruppemedlemmar slik at dei kan starte eigen verksamheit. Vi fekk høyre om PETS, korrupsjonsjegerane, som er eit nødvendig tiltak for å kjempe mot lokal korrupsjon. Målet er å gjere lokalbefolkninga i stand til å stille leiarane kritiske spørsmål. Difor utdannar Kirkens Nødhjelp eigne PETS grupper som vert gjort i stand til å halde myndigheitene ansvarlege. Dei får opplæring i korleis dei kan følgje med på offentlege budsjett og rapportere dersom dei oppdagar teikn til korrupsjon.
Fire ungdommar frå Tanzania, som er elevar ved Sunnmøre Folkehøgskule og deltakarar i programmet Communication for Change (CFC), fortalte om seg sjølv og kvifor dei var her. To av dei kom nettopp frå Haydom og arbeider med 4CCP (Four Corners Culture Program) og ved sjukehuset.
Dei som kom fekk òg med seg ein utfordring, og den går også til dykk alle; kjøp og sel lodd i årets store opplevingslotteri og bli med som bøsseberar på aksjonsdagen 20. mars. – Ditt bidrag er av stor betydning.