Home » SUPER-TORSDAG

SUPER-TORSDAG

HURRA – endeleg er det klart for SUPER-TORSDAG igjen!!🥳😀På torsdag (6.mai) møtast vi til Super-Torsdag ved Djupvikvatnet (Gurskøy / Myrvåg). Vi møtast ved rasteplassen kl.17 og et grillmat saman før det vert leikar og konkurransar i 17.mai-stil (potetløp, boksekast mm.) 🥳Vi stiller med grillmat (pølser og hamburger), ta med drikke sjølv. Ta også gjerne med fleirgongsfat og koppar sjølve, så slepp vi så mykje boss 🙂Påmelding på facebookgruppa til Super-Torsdag https://www.facebook.com/groups/709478652832719 slik at vi veit kor mange vi skal berekne mat til – og pga smittevern. Har du ikkje facebook, så kan du melde deg og dine på til tlf 41860789. Minner også om vanlig smittevernrutiner med avstand, god handhygiene og ver friske ved oppmøte 🙂Hjelp oss gjerne å spre det gode budskap om Super-Torsdag!HÅPAR VI SJÅAST!! 🙂🙂PS: Neste Super-Torsdag vert 10.juni med sommaravslutning på Kjeldsund. Sett av datoen allereie 🙂