Home » STOR KYRKJEKONSERT PÅ SUNNMØRE

STOR KYRKJEKONSERT PÅ SUNNMØRE

Tre kyrkjekor på sunnmøre har slått seg i hop for å framføre Antonio Vivaldis «Gloria» det er Ålesund kyrkjekor, Herøy Kyrkjekor og Sande kantori ledsaga av Ålesund strykekvartett med fleire musikarar. Det vert og duka for flott kyrkjemusikk av Mozart og Bach. Det er satt opp tre konsertar med dette programmet, Laurdag 22.4 i Herøy søndag 23.4 i Ålesund og laurdag 10.6 på Sandsøya i høve orgelsommar. For meir info sjå annonser. Dei tre kora har hatt som samarbeidsprosjekt å øve inn Gloria av Antonio Vivaldi med fellessamlingar der dei har fått dra nytte av kvarandre sine evner og lært kvarandre å kjenne. Klassisk kyrkjemusikk har sine utfordringar i forhold til annan musikk, det er ofte på latin eller tysk språk som for dei fleste er framande og det er viktig å få riktig uttale samstundes man bør vite kva tekstane betyr. Midt opp i dette er det mykje polyfone satser der kvar stemme synger si eiga melodiske linje som skal passe med dei andre stemmene, då er presisjon viktig. Kora har vore heldige som har fått dyktige songsolistar som er Beate Mordal frå Molde og Maria Steinsvik frå Herøy.