Home » STOR KOR- OG ORGELKONSERT I INDRE HERØY KYRKJE

STOR KOR- OG ORGELKONSERT I INDRE HERØY KYRKJE

I samband med 100-årsjubileet for Indre Herøy kyrkje blir det no på torsdag 20.10 arrangert ein stor kor- og orgelkonsert i Indre Herøy kyrkje.
Leikong blandakor, Vyrde mannskor, kantor Terje Tjervåg og organist Atle Havåg skal fylle kyrkja med vakker song og musikk.
Leikong blandakor er kjende som eit spenstig, klangfylt og kreativt kor med eit stort repertoar. Dei øver for tida inn nytt stoff og vil glede oss med fleire nye tonar.
Vyrde mannskor har hausta lovord gjennom mange år. Dei har også eit variert repertoar, og dei vil ta oss med i mange av sine skattar.
Kantor Terje Tjervåg var tilsett som kantor i Herøy kyrkje i mange år. I tillegg til å vere ein fantastisk kantor har han også vore med å skape ny musikk og korsong.
Atle Hovden Havåg, som no er tilsette som organist i Indre Herøy kyrkje, fyller kyrkja vår med dei mektigaste klangar og har gitt kyrkjelyden mange gode musikkopplevingar.
Dette blir ein kveld av dei sjeldne og jubileumskomiteen håper at kyrkja nok eingong kan fyllast til siste benkerad i jubileumsveka. Det blir sjølvsagt kyrkjekaffi og god tid til prat, studere biletutstillinga i våpenhuset og til å kjøpe det vakre jubileumsheftet.
Vel møtt!
blandakor