Home » Sommargudsteneste med dåp i Indre Herøy kyrkje

Sommargudsteneste med dåp i Indre Herøy kyrkje

Søndag 14.august kl 11 er du velkomen til gudsteneste. Bjørn Leinebø er liturg, Johanne Leinebø er klokkar, Nina Skogli Kopperstad er kyrkjevert, Gunnar Elveseter trakterer orgelet og Yacob Teklemariam er kyrkjetenar.
Vi har kome til 10.søndag i treeiningstida, og bibeltekstene handler denne søndagen om tilgjeving og forsoning, eit gamalt tema. Menneskehjartet har det vore det same til alle tider, og vi kan særleg i høve denne gudstenesta spøre: Kven er det viktigst for med tilgjeving? Er det viktigst for han eller ho som klarer å tilgje ein som har påført vedkomande noko ein opplever som urett, eller er tilgjevinga vitigst for han eller ho som vert tilgjeven? «Tilgjevinga sin verknad» er tema for denne gudstenesta søndag 14.august.
Det vert gode salmer å synge med på, dåp og nattverd og etter gudstenesta kan du stanse igjen for ein prat over ein kaffikopp.

Det har vore ei felles gudsteneste for heile Herøy kvar søndag i sommar, for Leikanger, Indre Herøy og Herøy kyrkjer/sokn. Komande søndag er det felles gudsteneste i Indre Herøy kyrkje (Stoksund) for alle sokna.
Alle er velkomne – frå heile Herøy.