Home » “Snurr film” – eit nytt tilbod til ungdom i kyrkjekjellaren

“Snurr film” – eit nytt tilbod til ungdom i kyrkjekjellaren

Allereie i to år har UNGE JENTER FRÅ 10.KLASSE og oppover fått tilbod om kjekke filmkveldar i ein privat heim. No er tida inne for å utvide tilbodet slik at enda fleire kan få vere med på dette. Difor samlast vi frå no av i Herøy kyrkje, i lokala til fredagstreffet. Der blir det 3-4 filmkveldar i semester og fyrste samling i haust blir torsdag 25. september. Målgruppa er den same som før og vi serverer pizza og popcorn til alle som dukkar opp. Gratis inngong og trekning av fin gåve…. Val av film gjer vi der og då når vi ser kven som kjem. Vi har mange godbitar å velje mellom, m.a. den rykande ferske filmen “Heaven is for real”. Så snakkar vi litt ilag om dei  tankane og kjenslene filmane gir oss før vi slukker stearinlysa. Dette er utruleg kjekt, spør dei du vet som har vore der. Klikk deg inn på MOVIESTARS på facebook og be om å bli lagt til i den lukka gruppa der. Der får du filmtips, og tidspunkta for filmkveldane framover:) Vi sjåast!

Rigmor, Olaug og Rikke