Home » Skal du begynne på skulen til hausten?

Skal du begynne på skulen til hausten?

Kjære deg som snart skal begynne på skulen. No er det ikkje lenge att!
Vi i kyrkja har lyst til å invitere deg på ein mini-skule i kyrkja. Vi møtast for å synge, høyre ein historie frå Bibelen, leike og gjøre oppgåver saman. Det blir også servert frukt. Siste gongen vi møtast skal vi feire at du snart skal byrje på skulen i ei gudsteneste. Da vil du få ei bok. Vil du kome? 

Tid og stad:
– Torsdag 8. juni klokka 1730-1900 i Herøy kyrkje.
– Søndag 11. juni klokka 1100 til Gudsteneste i Herøy kyrkje.
Påmelding til Karl Anders (e-post til karl.anders.brendmo@heroy-kyrkje.no) innan 6. juni.