Då forfattaren, radio-mannen, læraren og talaren Arne Grimstad frå Hareid fylte 90 år i fjor, vart CD-en ”Du sanne himmellys” gitt ut med sju av dei mest sentrale kristne dikta hans. Dikta er tonesette av Kai Robert Johansen. Arr.: Tom Rønningssveen.
Dei tre siste kveldane i mai 2014 blir desse salmane presenterte i ei utvida konsert-ramme i tre kyrkjer på Søre Sunnmøre: Herøy kyrkje (29/5), Ørsta kyrkje (30/5) og Hareid kyrkje (31/5).
Dei sju salmane blir presenterte av Anette Lyche Brautaset (song), Kai Robert Johansen (song, flygelhorn og trompet) og Ida Teige (piano).
Grimstadkoret (dir. Kjell Grimstad) vil synge frå sitt velkjente repertoar i to avdelingar.
Arne Grimstad var sjølv med i Grimstadkoret frå starten – og vil vere vere tilstades under konsertane.
Steinar Opstad er programvert.
* ARNE GRIMSTAD f. 1923 frå Hareid har skrive ei rekke romanar, diktsamlingar og barnebøker. Han har arbeidt som lærar og som programskapar i NRK og er ein mykje brukt kåsør og talar. Etter gymnas på Eid og lærarskule i Volda tok han til på lærargjerninga som styrar ved Skånevik realskule i Sunnhordland. Etter nokre år i Ålesund vart han tilsett i NRK i Oslo i 1959. Mange vil hugse han som ”onkel Arne” i barnetimen. Så vende han nasen heimover mot Sunnmøre. Etter eit mellomspel i Volda overtok han og kona Johanne barndomsheimen hennar på Hareid. For det mangslungne kulturarbeidet sitt fekk han i 2005 Kongens Fortenestemedalje i gull.
* KAI ROBERT JOHANSEN f. 1955 frå Sarpsborg har 43 års fartstid i underhaldningsbransjen, blant anna som dansebandmusikar. Har spelt inn 57 plater. På Island har ei av dei selt til platina og tre til gull. Han har fått kulturprisen for både Østfold fylke og Sarpsborg kommune for musikk- og komponist-gjerninga si – og med særleg vekt på det musikalske samarbeidet med menneske med bistandsbehov.
* ANETTE LYCHE BRAUTASET f. 1972er opprinneleg frå Råde i Østfold, men som namnet kan gi ein peikepinn om, er ho gift med ein ørsting; Geir Brautaset frå Åmdalen. Dei har to gutar på 12 og 10 år og bur i Sarpsborg. Anette hadde si første arbeidserfaring som barne- og ungdomsarbeidar på Stranda. Deretter gjekk ho lærarskulen i Volda. I det daglege er ho skulefagleg rådgjevar i Våler kommune, men driv mykje med musikk i fritida. Ho syng i Sarpsborg kammerkor, eit blandakor knytt til Sarpsborg kirke. Dette koret har det siste året vore med på å spele inn ein CD i lag med Kringkastingsorkesteret og dei har vore med på å profilere den nye grunnlovssongen ”Det går et festtog gjennom landet”, som koret sin dirigent har laga melodien til.
Ved sida av koret jobbar Anette med enkelte solo-prosjekt i samarbeid med lokale musikarar. Ho er spesielt glad i å synge viser (Erik Bye og Alf Prøysen er mellom favorittane) og har også prøvt seg som komponist. Saman med ein lokal jazzsongar har ho komponert og regissert forestillinga “Modig, Markspist, Skrelt”. Forestillinga er samansett av songar med tekstar av norske kvinnelege forfattarar, bl. a. Sigrid Undset, Inger Hagerup og Magli Elster.
Ved sida av musikken er Anette glad i å bruke kroppen. Ho spring gjerne turar i skogen i nærområda der ho bur – og er vêret dårleg, trekker ho inn på treningssenteret SATS. Når ho er på besøk hos familien på Sunnmøre, prøver ho alltid å kome seg opp på ein fjelltopp med mykje luft og utsikt. Ho har sjølvsagt vore på Slogen.
* IDA TEIGE f. 1965 kjem opprinneleg frå Langevåg der ho voks opp i ein heim med mykje song og musikk. Faren, Peder Henanger, var organist og elles dirigent i Sunnmøre kr. Songarlag. Etter to års musikkutdanning ved lærarskuen i Volda gjekk Ida vidare til Bergen Musikkonservatorium, det nokalla Grieg-akademiet. Frå 1990 var ho kantor i Os. Så stifta ho familie – og i 1999 flytta familien til Ulsteinvik. Der fekk Ida ei prosent-stilling i musikkskulen og vikarierte elles som organist i ulike kyrkjesokn. Ei tid stod ho i ei halv stilling som kantor i Indre Herøy og Leikanger. I 2012 vart ho fast tilsett som kantor i Hareid sokn.