Home » SISTE KLUBBDAG FØR JUL

SISTE KLUBBDAG FØR JUL

Det nærmer seg jul og dei siste klubbdagane våre før juleferien. Allereie på fredag er det TWEENS: KL. 18-20 VERT DET KLUBB I KYRKJEKJELLAREN I Herøy KYRKJE for jente- og gutetweens i 6. og 7. klasse!!! På klubben har vi det kjekt med nye og gamle vener, speler spel, har det gøy i gymsalen eller speler playstation. I tillegg har vi mat, kiosksal og andakt. På siste samling var der heile 25 tweens på klubb.

I neste veke den 1. Desember er det HIGH FIVE klubben for sjuande klassingar frå kl. 14.15-16.15. Vi leikar, spiser, har andakt og har det kjekt saman. Her pleier det også å være opp i mot 25 stk på klubb.

Siste samling for AGENTKLUBBEN finn stad den 8. Desember frå kl. 13.15-16.00. Dette er ein klubb for 3-5 klassingar. Det blir leik, litt å bite i, andakt, aktivitetar, hobbyoppgåver, sprell i gymsalen og meir. På samlingane pleier det å være nærare 50 barn med på klubb. Vel møtt!