Torsdag 21.april er det SALME OG FORTELJINGSKVELD i Herøy kyrkje med fokus på temaet: «Påska i ord og tonar». Det vert ein kveld der forsamlinga kan få lytte til påske-legender som forteljar Guri Aasen framfører. Solist Bjørn Holum vil framføre fleire gode påskesalmar og alle skal få synge med på allsongar. Organist og prest deltar også. Salmekvelden byrjar kl 20.Timen før, frå kl 19 er kyrkja open med DÅPSKJOLEUTSTILLINGA + kaffe på Kyrkjetorget og lystenning i lysgloben om ein ynskjer det. Det er den siste utstillingsdagen for utstillinga.Dette er kveldar som alle kan vere med på, enten du har songstemme eller ikkje. Kvar torsdag kveld skjer det noko i Herøy kyrkje.
Vel møtt. Arrangør: Herøy sokneråd
