Karsten Sævik er samtalegjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje komande søndag. Han er administrerande direktør i Remøy Shipping AS i Fosnavåg. Han er fødd og oppvaksen på Remøya, er 52 år gammal og er utdanna sivilingeniør i marin teknologi. Saman med kone frå Moltu og tre born er han busett i Ulsteinvik, og han var tidlegare adm. dir. i Ulstein Verft AS.
Søndag kveld vil han fortelje om oppvekst i ein solid heim prega av nøysemd og sunnmørsk bedehuskultur, og om livet som leiar i ein svært ekspansiv periode i sunnmørsk næringsliv. Samtalen vert leia av Henry Steinsvik.
Som musikalske gjester kjem Hareid Kammerkor leia av Stig Lennart Håheim. Dei ber vidare dei solide kortradisjonane på Hareid på ein glimrande måte, og dei deltok m.a. i den suksessrike Salmemaratonen som NRK sende frå Trondheim i haust. For to år sidan var koret på tur til Roma der dei deltok i ei pinsemesse i Peterskyrkja.
Bjørn Leinebø er liturg, Dag Johan Flattun sit ved orgelet og Ole Arild Bø leier kveldsmessa. Eit kvarter på førehand blir det salmeøving, for å få til rungande salmesong under messa, med kjende melodiar, og kanskje ein eller to nyare salmar frå den nye salmeboka.