Svein Runde, prost i Austre Sunnmøre, er gjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje komande søndag. Svein Runde er fødd og oppvaksen i Fosnavåg, og har hatt heile prestetenesta si på Sunnmøre. Etter 25 år som prest på Hellesylt, vart han i 2010 utnemnd til prost i Austre Sunnmøre, med bustad på Sjøholt. Søndag kjem han ”heim” for å fortelje kva livet har gjort med han frå oppveksten på Fosnavåg Bedehus til prostekontoret på Sjøholt. Med si lange tenestetid i Den norske kyrkja har han også kvalifiserte meiningar om kvar den gode vegen vidare går for ei kyrkje som mange meiner er i strid meg seg sjølv for tida. Helge Håberg skal leie samtalen.
Musikalske gjester i kveldsmessa er damekoret Cervix Vocales, leia av Øyvind Granden Berg. Etter ein forsiktig start i Fosnavåg for 10-12 år sidan, har dei utvikla seg til å bli eit etterspurt kvalitetskor, som m.a. skal prøve seg i Korcupen i Ålesund seinare i haust.
Alette Teige leier kveldsmessa, Bjørn Leinebø er liturg og Dag Johan Flattun sit ved orgelet.