Home » PILEGRIMSMESSE PÅ TREEININGSSØNDAG

PILEGRIMSMESSE PÅ TREEININGSSØNDAG

PILEGRIMSMESSE PÅ TREEININGSSØNDAG
Felles pilegrimsmesse kl 1900 søndag 30.mai i Indre Herøy kyrkje: Velkomen til pilegrimsmesse Når pilegrimane har nådd fram til pilegrimsmålet om kvelden startar ei pilegrimsmesse i Indre Herøy kyrkje, som er open for dei fyrste 40 som kjem i tillegg til kystpilegrimane.Pilegrimsmessa vert leia av Ingeborg Matre som er prost for Søre Sunnmøre prosti. Prosten vil saman med fleire medverkande feire pilegrimsmesse med fokus på eit av dei klassiske pilegrimstemaene: «Å vere undervegs i livet». Det blir forsongarar frå kyrkjekoret ved denne pilegrimsmessa, og organist Dag Johan Flattun er ansvarleg for det kyrkjemusikalske. Takkofferet går denne kvelden til Diakoniarbeidet som er kyrkjas omsorgsarbeid. Dersom du ikkje har høve til å delta ved denne pilegrimsmessa, så kan du likevel få gi di offergåve ved å vippse til Vippsnr 563595 (Indre Herøy sokn.) Soknerådet registrerar offergåva og sender pengane vidare slik at det blir til nytte i det diakonale arbeidet. Denne søndag føremiddagen har vi diverre ingen gudstenester i Den Norske Kyrkjas regi i Herøy. Vi har i staden denne pilegrimsmessa felles for alle tre sokna om kvelden. Vel møtt!
Søndag ettermiddag blir det ein kystpilegrimstur med Sunnmørsjekta «Anna Olava» for inviterte, fordi det endå ikkje kan vere så mange om bord på grunn av corona/smittevernreglar. Jekta vil gå ut frå det gamle ferjeleiet i Stoksund, og kome tilbake dit slik at pilegrimane som er om bord i Sunnmørsjekta kan vandre oppover til søndagens pilegrimsmål som er Indre Herøy kyrkje.