Home » Pilegrimsferd Herøy-Giske-Borgund

Pilegrimsferd Herøy-Giske-Borgund

Laurdag 11. juni kan du vere med på pilegrimsferd med Sunnmørsjekta Anna Olava.

Ferda går gjennom storslått kystlandskap og på reisa vitjar vi Kystpilegrimsleia sine nøkkelstadar på Sunnmøre: Herøy, Giske og Borgund.
Felles for dei tre pilegrimsmåla er mellom anna dei sentrale posisjonane dei har hatt som kyrkjestader. På Herøy gamle kyrkjestad har det stått to kyrkjer. Den fyrste vart bygd på 1100-talet i romansk stil og var ei av fire hovudkyrkjer på Sunnmøre. Giske kyrkje er bygd på 1100-talet og var truleg gardskapell for Giske-ætta. I 1345 ga pave Clemens seks hundre dagars avlat til pilegrimar som vitja kyrkja. Dagen vert avslutta i Borgund som tidlegare var eit maktsentrum. Mot slutten av 1100-talet stod her fleire kyrkjer, og noverande Borgund kyrkje er truleg mellomalderens Peterskyrkje som har blitt utvida med stein frå Margaretakyrkja. Middelaldermuseet er ei spanande reise i Borgund og Sunnmøre si vikingtid og mellomalder.

Pris pr. person er kr. 1190 og inkluderer:
• Transport med Sunnmørsjekta Anna Olava
• Pilegrimspass
• Omvising på pilegrimsmåla Herøy, Giske og Borgund
• Pilegrimsformidling ved sokneprest Solfrid Leinebø Seljås
• Lunsj i Giske Amfi
• Middag i Borgund, Middelaldermuseet
• Kaffi og te om bord

Program:
Kl. 9.30 Oppmøte Herøy Gard
Kl.10.30 Avgang frå Herøy
Kl. 14.00 Ankomst Giske, omvising i mellomalderkyrkja
Kl. 15.00 Lunsj i Giske amfi
Kl. 16.00 Avgang Giske
Kl. 17.00 Ankomst Borgund, omvising i kyrkja og på Middelaldermuseet
Kl. 18.30 Middag i Middelaldermuseet

Viktig informasjon:
Sunnmørsjekta er ein replika av ei jekt frå 1700-1800 talet. Ho har heimehamn på Herøy kystmuseum/Herøy gard. Jekta er ein open båt med begrensa kapasitet til å sitje under tak Reisande må ha kle, sko og utstyr som toler ver og vind.

Reise frå Borgund og heim kjem i tillegg og må betalast av den enkelte deltakar. Frå Borgund til Ålesund sentrum kan ein vandre langs merka pilegrimsti over Aksla. Meir informasjon på: www.pilegrimsleden.no

TV-produksjonsselskapet Sunnmøre Live skal filme turen. Dei som ynskjer kan ta atterhald om å bli filma.

Arrangøren tek atterhald om gjennomføring av turen knytt til ver og nok påmelde.

For meir informasjon kontakt arrangør ved:
– Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås 924 49 365 solfrid.leinebo.seljas@heroy-kyrkje.no
– Avdelingsleiar Herøy gard, Eileen Gjerde 954 56 945 eileen.gjerde@heroy.kommune.no

Ferda er ein dagstur og går gjennom storslått kystlandskap på Sunnmøre. På turen vitjar vi Kystpilegrimsleia sine nøkkelstadar på Sunnmøre: Herøy, Giske og Borgund.

Meir informasjon finn du her: https://ebillett.no/fosnavagkonserthus/17215