Home » Påska i ord og tonar

Påska i ord og tonar

Påska i ord og tonar

I dag Torsdag 13.april kl 20-21 i Herøy kyrkje: Forteljar Guri Aasen framfører påskelegender, Bjørn Holum syng for og med oss, kantor Dag Johan Flattun har det musikalske ansvaret og sokneprest Solfrid Leinebø Seljås les bibeltekst.

Torsdag 13.april kan du få oppleve eit spennande påskeprogram i Herøy kyrkje. Programmet er sett saman av litterære legender som på ulikt vis skildrar dramaet kring Jesu krossfesting og oppstode frå grava. Vi vil mellom anna få høyre Jo Tenfjord si forteljing «Eiketreet og ospetreet» som byrjar med at det i vegkanten ved ein landeveg som leidde inn til ein mektig by, for meir enn tusen år sidan stod to store tre – ei osp og ei eik. Dei hadde stått der lenge, og sett menneske og dyr gå til og frå. Ein vakker vårdag kom nokre tømmerhoggerar vandrande og stansa rett framfor trea. Slik tek forteljinga om treet som vart til Jesu kross til.

Vi vil også få høyre fortalt 3 legender til, mellom anna Selma Lagerløfs gripande legende, Raudstrupen, med påskedramaet som bakteppe.

Innimellom forteljingane/legendene vil vi få høyre songar framført av Bjørn Holum. Forsamlinga vil også få synge med på fleire påskesalmar.

Forteljar Guri Aasen som bør vere kjendt for dei fleste i lokalsamfunnet som ein dedikert forteljar gjennom mange år.

Vi anbefaler denne torsdagskvelden i Herøy kyrkje for alle, og kanskje særleg for dei som har vore ut og reist i påskeveka.

Kl 19.00: Dåpskjoleutstillinga i tilstøytande rom er open timen før programmet «Påska i ord og tonar» startar i kyrkjerommet 13.april.

Det er også servering av kaffe på Kyrkjetorget denne timen.

Denne kvelden inngår i serien «Torsdag i kyrkja», denne møteplassen som fleire og fleire set pris på.

Alle er hjarteleg velkomne. Gratis entre.

Arrangør: Den Norske Kyrkje i Herøy