Det er sommar og ferietid for mange. Den Norske Kyrkje i Herøy har mange tilbod gjennom sommaren, og dette er ein liten omtale av våre tilbod i juni – juli – august.
Andaktstund og song
Kvar veke er vi på besøk med song og andakt på sjukeheimane våre etter ein etablert turnus, på onsdag føremiddag på sjukeheimsavdelingane på HOS på Eggesbønes. Velkomen til å vere med kl 11 kvar onsdag på grøn/raud avdeling.
Annankvar onsdag ettermiddag (i partalsveker) er vi på MOS i Myrvåg kl 1630 og held andaktstund. Velkomen til å vere med her også. Det er prest og organist som kjem kvar gong, og vi ser at besøka våre spreier glede og kjem mange til gode.
Plakater med dato og klokkeslett er tilgjengelege på begge sjukeheimane. Pårørande og andre besøkande er hjarteleg velkomne til å ta del i andaktstunda med kjende songar/salmer og musikk!
Opa kyrkje på kveldstid
Kvar veke vert det arrangert «opa kyrkje» i Herøy kyrkje på torsdagskvelden kl 19-21, slik at fastbuande og sommargjestar skal få høve til å oppleve den fortsatt nye og innhaldsrike kyrkja vår. Særleg vil vi nemne kyrkjekunsten med glassmålerier og kyrkjeskipet i glas som heng ned frå taket inne i sjølve kyrkjerommet.
Kom og gå som du vil på torsdagskveldane, sitt ned og lytt til roleg musikk, tenn eit lys i lysgloben eller berre nyt stilla og stemninga i kyrkjerommet. Du kan også få deg ein prat med ein av dei to kyrkjevertane som er tilstades desse to kveldstimane, gjerne over ein kopp kaffi med noko å bite til. Ynskjer de omvising i kyrkja, så er det også mogleg å få desse kveldstimane.
Opa kyrkja på dagtid
Frå måndag – fredag kl 12-14 er Herøy kyrkje open, heile året gjennom. Det gjeld kyrkjerommet med inngang ovantil, nær fylkesvegen. Om du ynskjer ei stille stund i kyrkja midt på dag, så er du hjarteleg velkomen til å stikke innom i løpet av kvardagane gjennom sommaren også.
Herøy kyrkjekontor er i kjellaren i Herøy kyrkje og er ope i vanleg kontortid. Sjå info om dette annan stad på denne heimesida. Kom gjerne innom om du lurer på noko ang gravplass eller ynskjer ein prat med prest eller andre tilsette i kyrkja. Du kan også ring/maile oss om det du lurer på gjennom sommaren, så får du svar etter kvart. Kontaktinfo står også annan stad på denne heimesida.
Samling med tidebøn
Kvar onsdag ettermiddag/ kveld kl 18.00 – 18.25 vert det leda «Samlingar med tidebøn» på øya Herøy som har vorte ein «nøkkelstad på Kystpilegrimsleia». Denne korte kveldssamlinga vert leia av prest eller andre friviljuge gjennom sommaren, og vert halden enten på den gamle kyrkjestaden eller inne i det vi kallar vinkjellaren (steinhuset bak hovedhuset på Herøy gard) alt etter ver og vind. Der er det laga til slik at pilegrimar kan finne ro og ly. Pilegrimsliturgi finn du inne i steinhuset og ligg ute på merka stad på øya, og den kan nyttast når det elles også måtte høve for pilegrimar som kjem innom sagaøya Herøy.
Pilegrimssti
På øya Herøy er det denne våren merka ein pilegrimssti, dvs du kan gå ein merka sti med stasjonar med jamne mellomrom. Stasjonane er til ettertanke og refleksjon. Denne pilegrimsstien kan du gå åleine, eller ta med deg besøkande på. Til pilegrimsstien er det utvikla eit refleksjonsark som kan utvide refleksjonen rundt kvar stasjon. Desse arka finn du ved porten til utmarka (mot spelplassen). Der finn du også kart over den nymerka pilegrimsstien. Du kan gå pilegrim over lange distanser eller korte. Denne pilegrimsstien er eit lokalt tilbod som «nøkkelstadgruppa på Herøy» har utvikla og vi vonar at mange nyttar høvet til å få ein smak av pilegrimslivet ved å gå denne kortreiste pilegrimsstien mange gonger i løpet av sommaren. Pilegrimsstien vil fungere som ei fullverdig pilegrimsvandring for den enkelte med refleksjonsarket saman med ettertanke på kvar stasjon undervegs fram mot pilegrimsmålet: Herøy gamle kyrkjestad.
Gudstenestene i sommar som «pilegrimsvandring» frå kyrkje til kyrkje
Kvar søndag i sommar kan du ta del i gudsteneste i dei tre kyrkjene våre: Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje kl 11 etter ein fast turnus. Det vert ei felles gudsteneste for heile Herøy kvar søndag i sommar, og vi avslutter gjerne med enkel kyrkjekaffi.
Vi har to utegudstenester i denne perioden:
Søndag 3.juli kl 11 kan du ta del i «Økumenisk pilegrimsgudsteneste» på Herøy gamle kyrkjestad i høve Herøyspelhelga.
Vi vil spesielt gjere merksam på at vi i år også etter god, gamal tradisjon vil feire ei Olsokgudsteneste på sjølve Olsokdagen 29.juli kl 18 på Herøy gamle kyrkjestad.
Gudstenestene kan du lese meir om her i avisene Vestlandsnytt og Sunnmørsposten kvar veke, eller på denne heimesida eller på facebook. Søk eventuelt berre opp namnet på den kyrkja du vil besøke. Det er mykje å glede seg til og glede seg over i sommar i Herøy!
