Home » Om felles soknemøte

Om felles soknemøte

Vi har snakka dette året i alle tre sokneråda i Herøy (Leikanger sokneråd, Indre Herøy sokneråd og Herøy sokneråd) om at vi kan søke om å etablere felles sokneråd for to eller tre av sokna med verknad frå kyrkjevalet i 2023. Til dette treng vi eit felles soknemøte, og det vert onsdag 14.desember om kvelden.
Eit felles sokneråd er eit sokneråd som representerer to eller fleire sokn. Soknerådet er samansett av eit fast tal på medlemmer frå kvart sokn og ein sokneprest oppnemnd av biskopen. Felles sokneråd kan opprettast i samband med eit kyrkjeval. Sokna fungerer som valkrinsar og held kyrkjeval på vanleg måte. I staden for å velje eit heilt sokneråd, vel soknet sine medlemmer og varamedlemmer til eit felles sokneråd. Etter reglane kan kvart sokn ha 2, 3 eller 4 medlemmer og minst 3 varamedlemmer i rådet. Sokna kan ha lik eller ulik representasjon etter kva ein finn rimeleg.

Dette er ei samanslåing av sokneråda, men ikkje ei samanslåing av sokna!
Dei samarbeidande sokna held fram som eigne juridiske einingar, med eigen økonomi og eigne ansvarsområde etter offentleg og kyrkjeleg rett. Etablering av felles sokneråd får ingen følgjer for talet på gudstenester eller talet på prestar eller gjennomføringa av til dømes diakoni eller trusopplæringa i sokna.
Kvart sokn skal også ha ein medlem og ein varamedlem til Kyrkjeleg fellesråd i kommunen (fellesrådsområdet, dei tre sokna), slik at ein er like godt representert som i dag.
Dei som kjem inn i soknerådet vil få ei god oversikt over soknerådsarbeidet i heile Herøy og det kan verte ein fordel inn i det enkelte sokn. Arbeidet vil organiserast omtrent som i sokneråda i dag.
I tillegg kan soknerådet opprette utval eller representanter til utval som i dag.

For å opprette felles sokneråd må sokneråda saman vedta å sende ein søknad til bispedømerådet om å opprette eit felles sokneråd. Soknemøta i dei samarbeidande sokna skal ha høve til å uttale seg om søknaden. Soknemøtet er eit møte der alle medlemmer i Den norske kyrkja i soknet har stemmerett. Soknemøtet er kalla inn til onsdag 14.desember i Herøy kyrkje, frå alle tre sokna.
Etter eventuelt vedtak i sokneråd og soknemøte, sendast søknaden om samanslåing av sokneråd saman med utskrifter frå møtebøkene i dei einskilde sokneråda til bispedømerådet. Kyrkjevalet i september 2023 vert gjennomført i samsvar med vedtaket i bispedømerådet.
              Av Solfrid Leinebø Seljås, sokneprest for Leikanger, Indre Herøy og Herøy sokn