Vi feira pinse med to vielser på laurdagen, to festgudstenester på 1.pinsedag, ein orgelkonsert på kvelden 1.pinsedag og ei felles familiegudsteneste/ein pinsefest på 2.pinsedag på Kjeldsund med fokus på Talsmannen som kom til jord. No går vi inn i juni med eit variert kyrkjeprogram for sommaren også.
Stand på Sommarfesten og Storfamiliegudsteneste på utescena
Vi gleder oss over «Sommarfesten i Fosnavåg» som skaper liv og røre i sentrum. I det høve vil vi som kyrkje vere ute på «stand» like utanfor Vestvang bokhandel med sveler, utlodning og kaffi og ein god prat om du ynskjer det. Det er kyrkjeleg tilsette, folk frå soknerådet og andre friviljuge medarbeidarar som du kan møte der:) Elles gleder vi oss veldig til felleskyrkjeleg storfamiliegudsteneste på utescena i sentrum søndag føremiddag, med påfylgjande kaffe og kaker etterpå i teltet. Kom, kom og ver med på sommarfesten, dag for dag! Det er berre å kle seg, så får vi nokre gode timar ute i lag. Vert det regn, noko som ikkje er meldt, går vi inn i Frikyrkja og held gudstenesta der.
Tweens for 6. og 7.klasse
I kveld er kyrkjekjellaren i Herøy kyrkje open for dei som går i 6.og 7.klasse! Der er det leik og moro med mange moglegheiter i gymsalen og ved dei ulike «speleborda». Tips gjerne aktuelle tweens!
Gudstenester i juni og dåp.
Søndag kveld, 4.juni, vert det songgudsteneste i Leikanger kyrkje. Vi skal synge ut håpet om den treeinige Gud og velsigne havet og alt som lever der. Neste søndag 11.juni vert det føremiddagsgudsteneste i Herøy kyrkje og om kvelden vert det songgudsteneste i Indre Herøy kyrke. Verdt å merke seg også er at det vert gudsteneste ute på Flåvær søndag 18.juni. Meir informasjon kjem om desse gudstenestene framover. Vi har mange dåp jamnt over og gleder oss over det.
Nye Konfirmantar – Informasjonsmøte – dåp av konfirmantar
Tysdag 6.juni er komande kyrkjelege konfirmantar med føresette inviterte til eit informasjonsmøte i Herøy kyrkje. Kanskje kjenner du som les dette ein 8.klassing som er nysgjerrig på korleis det er å vere konfirmant i kyrkja? Tips dei gjerne om informasjonsmøtet. I løpet av konfirmantåret vil konfirmanten få lære meir om seg sjølv og den kristne trua. Informasjonsmøtet vert felles for dei som høyrer til i Herøy kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Leikanger kyrkje. Dersom nokon ikkje er døypte, så kan ein likevel starte på konfirmantåret og evt verte døypt før konfirmasjonsgudstenesta. Dette og meir blir det informert om og det blir høve til å få ein prat med prest, diakon eller kyrkjelydspedagog etterpå.
Øve med Ulstein Tensing
Onsdag kveld 7.juni kan ungdomar bli med til Ulsteinvik og øve saman med Ulstein Tensing til Ulsteinmessa der dei skal synge laurdag 10.juni. Dette gjeld i hovudsak dei ungdomane som kom på «Kick off» for Herøy Tensing i april, men her er det berre å melde seg til diakon Ragnhild på kyrkjekontoret for å vere med på onsdag og for å vere med å starte opp Herøy Tensing frå hausten av.
«Herøy gamle kyrkjestad» som pilegrimsmål
I sommar er pilegrimsstien open og tilgjengeleg for alle som ynskjer ein tur med stasjonar der ein kan få noko å tenke på. Du finn kart over pilegrimsstien og eit refleksjonsark du kan nytte deg av på øya Herøy, like ved porten til utmarka. Kvar onsdag kveld i sommar frå 14.juni – 16.august vil vi tilby Tidebøn/ei kort samling ved altaret på den gamle kyrkjestaden. Vert det for mykje vind eller regn tek vi samlinga inne i steinhuset bak hovudhuset på Herøy gard. Ved fint ver vil vi gjennomføre dette som ei leda pilegrimsvandring frå stasjon til stasjon på pilegrimsstien til pilegrimsmålet på kyrkjestaden på øya Herøy som er nøkkelstad på Kystpilegrimsleia. Pilegrimstilboda vert annonsert i avisa.
